3 dagers på fjellski – med turleiar
3. – 6. april 2025
Rundtur Bessheim – Glitterheim – Memurubu - vinter. På fjellski etter kvista ruter i Jotunheimen. Tre overnattingar. Bessheim Fjellstue 967 moh, Glitterheim Turisthytte, 1386 moh og Memurubu Turisthytte 1008 moh.
Dag 1.
Ankomst og middag Bessheim Fjellstue om kvelden. Gå til bord kva tid du vil mellom 18.30 og 20.00. Samling med turleiaren i peisstugu klokka 20.30.
Dag 2. Bessheim - Glitterheim.
Følg kvista rute til Bessvatnet, 1389 moh og ned på Russvatnet 1175 moh. Gå isen vestover, opp aust for Blåtjønnåe og over fjellryggen mellom Vestre og Austre Hestlægerhøe. Denne fjellryggen er høgaste punktet denne dagen, 1685 moh. Turen går vidare ned i Veodalen og til Glitterheim.
20 km.
Dag 3. Glitterheim-Memurubu.
Følg kvista rute over til Blåtjønnholet. Gå vestover og følg kvista rute til Styggehøbreen. Du kjem inn nedst på breen og går oppover til Styggehøbreskardet som er høgaste punktet på turen, 2100 moh. Frå her følgjer du Memurudalen heilt ned til Memurubu. Dette er den høgaste kvista løypa i Norge. Krevjande tur.
27 km.
Alternativt kan du følgje Russvatnet, opp det nedre Russglopet og bratt ned til Memurubu. Ikkje kvista. Men gjer turen lettare.
Dag 4. Memurubu-Bessheim.
Følg kvista rute på fjellvatnet Gjende. Når du kjem til Gjendeosen kan du følgje oppkjørt skiløype over Gjendeshalsen til Bessheim. Høgaste punkt 1105 moh.
13 km
Både Memurubu, Glitterheim og Bessheim er tradisjonsrike hytter i Jotunheimen. I over 100 år har vertskapsfamiliane i generasjon etter generasjon teke imot fjellvandrarar både sommar og vinter. Her sit tradisjonar og opplevingar frå både vertskap og gjestar i veggane. Kom og opplev atmosfæren på hyttene og den flotte naturen. Vi gjer vårt beste for å ta imot fjellvandrarar med god mat, trivelig atmosfære og gode historier.
Både Memurubu, Glitterheim og Bessheim er tradisjonsrike hytter i Jotunheimen. I over 100 år har vertskapsfamiliane i generasjon etter generasjon teke imot fjellvandrarar både sommar og vinter. Her sit tradisjonar og opplevingar frå både vertskap og gjestar i veggane. Kom og opplev atmosfæren på hyttene og den flotte naturen. Vi gjer vårt beste for å ta imot fjellvandrarar med god mat, trivelig atmosfære og gode historier.
Bestilling
Introduksjonsprisen er kr. 4900,- per person. Da får du:
4-6-mannsrom (Glitterheim)
Overnatting 2-sengsrom på Bessheim
Overnatting i 2-mannsrom på Memurubu
Sengetøy, handkle, treretters middag, frokost og niste/termos på kvar turisthytte. Fri parkering inkludert i pakken.
Tilbudet gjeld kun denne turen frå 6. - 9. april
Bestill: send epost til post@bessheim.no, post@memurubu.no eller glitterheim@dnt.no
Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med oss!
Kjørerute
Fram til 1. april er fylkesveg 51 Valdresflye stengt mellom Beitostølen og Maurvangen. I perioden frå Valdresflye opnar 31. mars og fram til 17. mai, er denne strekningen nattestengt mellom 20.00 og 08.00.
Vi har veg heile året, heile døgnet frå nord. Da kjører du om Vågå eller Heidal. Frå E6 på Sjoa er det 62 km til Bessheim. I Randsverk kjem du inn på fylkesveg 51, og i krysset tek du til venstre.