3 dagers rundtur
Bessheim – Glitterheim – Memurubu
Bessheim – Glitterheim – Memurubu
Dag 1. Ankomst og middag Bessheim Fjellstue om kvelden.
Dag 2. Bessheim - Glitterheim.
Følg T-merka rute til Glitterheim via Bessvatnet og Russdalen. Opp mellom vestre og austre Hestlægerhøe. Dette er høgaste punktet denne dagen, 1685moh. Her kjem du over i Veodalen og du går til Glitterheim.
21 km.
Dag 3. Glitterheim-Memurubu.
Følg T-merka rute frå Glitterheim og attende Hestlegerhøene
(høgaste punktet denne dagen 1685 moh) og til Blåtjønnholet. Frå her går du langs med Russvatnet 1175 moh. Oppover i nedre Russglopet heilt til du kjem inn på Besseggenstigen. Her er du på omlag 1400 moh. Bratt nedover til Memurubu.
19 km.
Dag 4. Memurubu-Bessheim.
Tre alternativ:
Ta Gjendebåten på fjellvatnet Gjende (1000 moh) frå Memurubu til Gjendeosen, og gå Gjendehalsen til Bessheim. Høgaste punktet er 1105 moh. Båtbillett er ikkje inkludert i prisen.
4 km å gå.
Gå frå Memurubu til Gjendeosen langs fjellvatnet Gjende. Ruta går langs med vatnet det meste av turen, men etter nokre få kilometer er det ca. 100 meter stigning. Avslutt turen med T-merka stig over Gjendeshalsen til Bessheim. Gjendehalsen er høgaste punktet, 1105 moh.
14 km.
Gå den T-merka ruta frå Memurubu til Bandet 1379 moh, klatre opp Besseggen og gå vidare opp på Veslefjell 1743 moh. Eit stykke etter toppen følgjer du T-merkinga ned til Bessheim via Bessvassosen. Dette er forresten den fyrste varda ruta i Norge.
17 km
Prisen er kr. 4500,- per person. Da får du:
Overnatting 2-mannsrom (Bessheim og Memurubu)
4-6-mannsrom (Glitterheim)
Overnatting i 2-manns rom med dusj/wc på Memurubu
Sengetøy, handkle, treretters middag, frokost og niste/termos på kvar turisthytte. Fri parkering inkludert i pakken.
Tilbudet gjelder: søndag-fredag 20. juni til 11. juli og søndag-fredag 22. august til midt i september.
Bestill: send epost til post@bessheim.no, post@memurubu.no eller glitterheim@dnt.no
Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med oss:
Kjørerute: Bessheim ligg like ved fylkesveg 51 - Valdresflya, 75 km frå både Otta, Lom og Fagernes. Kjem du frå nord kjører du om Randsverk, kjem du frå sør kjører du om Beitostølen.